Hilde Myklebust teiknar som vanleg både sterke og vakre bilde, frå blod, slintrar og død,
til skildringar av lys, lukter, fargar, natur og kjensler.

- Ole Magne Kvalsvik, Synste Møre

Det er noe med Hildes poesi som treffer meg. Et nydelig språk der ordene faller på plass, presise observasjoner, sterke nyskapende bilder. Det er jordnært og samtidig friskt og overraskende. Ingenting virker konstruert, det fremstår autentisk, troverdig.

- Arild Vedvik, PoesiRingen

Hilde Myklebust har skrive ein biografi av ein heilt ny type. ... Det er ei flott bok, dette her, full av poesi og menneskeleg forståing

- Hadle Oftedal Anderse, Klassekampen

Se alle

Det er noko urovekkjande over dikta til Hilde Myklebust, eit djupt alvor som set seg i merg og bein.

- Kjetil Berthelsen, Dag og Tid

Kvit stig 
morgon skir

Kvitt veks lyset 
frå mor sin munn

Legg seg over sjøen 
i ei bøn

Aron vert fødd 18. oktober 1877 og veks opp i tronge kår på Sunnmørs-kysten. Livet og dauden er tett på familien ved fjorden, dei mister ein veslebror og snart endå ein. Aron tek hyre til sjøs 20 år gammal og mønstrar på skipet Undine av Haugesund. Fyrstereisa endar i tragedie: I storm går skipet på grunn utanfor Portugal, og berre halve mannskapet bergar seg.

Kvit stig morgon skir fortel om eit liv ved og på sjøen, i ei tid då menneska stod nærare naturen og var avhengige av det fjorden og markene gav. Samspelet gjorde det mogleg å leve, men alltid på nåde. 

Med ein veldig nærleik til naturen og alt levande diktar Hilde Myklebust fram livet til sin eigen oldefar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234004919
Publisert
2025-08-14
Utgiver
Det Norske Samlaget; Samlaget
Vekt
206 gr
Høyde
211 mm
Bredde
133 mm
Dybde
12 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
82
Sjanger
Skjønnlitteratur
Innkjøpsordning
K-fond: Ja

Forfatter