51 år etter at han sjølv debuterte som forfattar i dette tidsskriftet, er Torstein Bugge Høverstad tilbake på Vinduets sider – og det med den første større gjendiktinga av W.B. Yeats til norsk nokon gong, i følgje med eit essay om mannen og diktinga.

Utgåva inneheld vidare ei drøfting av Camilla Collett og Emilie Diriks sitt til no lite omtalte tidsskrift Forloren Skildpadde, ført i pennen av Nina Schjønsby. Jan Grue skriv om Joan Didion sine politiske essay, Hanna Dahl intervjuer Trude Marstein og Rocky-omsettar Dag F. Gravem skriv om sine tjue år i den svenske teikneseriehundens teneste. For ikkje å gløyme Hilde Rød-Larsen sin tekst om Elizabeth Strout, Tora Lane sin tekst den russiske revolusjonen og eit utdrag frå Tiril Broch Aakre si komande bok.

Og det stoppar ikkje der: Rachel Cusk, Jenny Offill, Maggie Nelson og Sarah Manguso har svart på spørsmål om å skrive om å få barn, Joakim Kjørsvik har skrive ein ekfrase, Sandra Vaka Olsen bidreg med ein biletserie og Vilde Sagstad Imeland med ei jubileumshelsing til Den lille prinsen. Og meldingar, så klart - av dei siste bøkene til Rachel Kushner, Richard Brautigan, Helle Helle og Amalie Kasin Lerstang.

http://www.vinduet.no/vinduet-3-2018-i-butikk/

Les mer
72. årgang

Produktdetaljer

ISBN
9788205516250
Publisert
2018-10-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
424 gr
Høyde
271 mm
Bredde
210 mm
Dybde
9 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
114
Sjanger
Faglitteratur

Redaktør