Syn og Segn om sanning og løgn «Den største løgna er ikkje den du fortel til andre. Det er den du fortel til deg sjølv». Dette skriv Lars Akerhaug, tidlegare redaksjonssjef i den islam- og innvandringsfiendtlege nettavisa Resett i den nye utgåva av Syn og Segn som akkurat har kome frå trykkeriet. Temaet denne gongen er sanning og løgn. Akerhaug fortel om sin veg til Resett, og om vegen ut att. Doktorgradsstipendiat Marthe Elden Wilhelmsen skriv om klimaskepsis og sanning i ein tekst som handlar om fakta, alternative fakta og om alternative oppfatningar av verkelegheita. Maksym Sytnikov frå ukrainsk PEN fortel om sitt arbeid for å sikre at pressa kan rapportere fritt frå krigen i Ukraina. Maria Parr vart kjent for bøkene Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal. No skriv ho eit essay om kva historier som er viktige å fortelje og kva som eigentleg er verd å skrive om. I teksten Å lese Vesaas i Paris fortel forfattar og litteraturkritikar Margunn Vikingstad om korleis Tarjei Vesaas vart eit stort namn i Frankrike. Utan å røpe for mykje kan det nemnast at Jon Fosse spelte ei nøkkelrolle. Mette Karlsvik skriv om korleis ho vart hovudstups forelska i forfattarskapen til årets nobelprisvinnar Annie Ernaux. Ingrid Senje svarar på eit spørsmål ho har fått litt for mange gongar etter at ho debuterte med novellesamlinga Stupeteknikk i 2021; om kvifor ho eigentleg skriv noveller når ein jo faktisk kan skrive romanar. Tharaniga Rajah, forfattar av dystopiske framtidsromanen Det er lenge til skumring, skriv om kva som gjekk skeis i diskusjonen om såkalla litterære sensitivitetslesarar tidleg i haust. Det handlar om litteratur, sensur og om kunnskap. Rajahs tekst stod også på trykk i Klassekampen sist helg. «Eg ynskte ikkje at syster mi skulle døy, men eg ønskte sterkt ein slutt på det», skriv læraren Eivind Ødegård. Han fortel om kva han lærte av å leve med ei søster som var narkoman. Det er blitt eit eineståande essay om kva det kostar å v
Les mer
128. årgang

Produktdetaljer

ISBN
9788234009174
Publisert
2022-11-21
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
272 gr
Høyde
260 mm
Bredde
200 mm
Dybde
7 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet