Tal i arbeid
Tal i arbeid er eit læreverk for matematikkfaget på alle yrkesfaglege studieretningar i den vidaregåande skulen, matematikk 1M.
Læreverket har eigne lærebøker for alle studieretningane:. Byggfaga (byggfag, tekniske byggfag og trearbeidsfag). Elektrofag. Formgivingsfag. Helse- og sosialfag. Hotell- og næringsmiddelfag. Mekaniske fag. Naturbruk. Yrkesfag med tillegg for kjemi- og prosessfag
Lærebøkene er alt-i-eitt-bøker som omhandlar alle mål og hovudmoment i samsvar med den nye læreplanen frå 1999. Bøkene inneheld teori, døme og oppgåver, og dei er gjennomillustrerte.
Det finst òg ein felles ressursperm for alle dei ti yrkesfaglege studieretningane. Ressurspermen inneheld stoff som skal vere ei støtte for læraren i planlegginga og gjennomføringa av undervisninga.
Tal i arbeid for elektrofagI denne boka er matematikken tilpassa emna i studieretningane for elektrofag. Både i teori, døme, illustrasjonar og oppgåver vil ein finne fagområde frå studieretninga.
ForfattaraneTil saman seks forfattarar står bak læreverket Tal i arbeid. Odd Bue, John Engeseth, Aage Ingjer, Per Inge Pedersen, John Ivar Solvik og Susanne Stengrundet har til saman lang røynsle frå ulike delar av skuleverket: ungdomsskulen, alle studieretningane i den vidaregåande skulen og frå teknisk fagskule.
I to forfattargrupper har dei utvikla kvar sine komponentar til Tal i arbeid; dei utgjer eit heildekkjande verk for matematikkfaget i dei yrkesfaglege studieretningane i den vidaregåande skulen.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788203325502
Publisert
2000
Utgave
3. utgave
Utgiver
Vendor
Aschehoug
Vekt
820 gr
Høyde
187 mm
Bredde
267 mm
Dybde
18 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
319
Orginaltittel
Tall i arbeid
Sjanger
Skolebøker