Tal i arbeid Tal i arbeid er eit læreverk for matematikkfaget på alle yrkesfaglege studieretningar i den vidaregåande skulen, matematikk 1M. Læreverket har eigne lærebøker for alle studieretningane:. Byggfaga (byggfag, tekniske byggfag og trearbeidsfag). Elektrofag. Formgivingsfag. Helse- og sosialfag. Hotell- og næringsmiddelfag. Mekaniske fag. Naturbruk. Yrkesfag med tillegg for kjemi- og prosessfag Lærebøkene er alt-i-eitt-bøker som omhandlar alle mål og hovudmoment i samsvar med den nye læreplanen frå 1999. Bøkene inneheld teori, døme og oppgåver, og dei er gjennomillustrerte. Det finst òg ein felles ressursperm for alle dei ti yrkesfaglege studieretningane. Ressurspermen inneheld stoff som skal vere ei støtte for læraren i planlegginga og gjennomføringa av undervisninga. Tal i arbeid for mekaniske fagI denne boka er matematikken tilpassa emna i studieretninga for mekaniske fag. Både i teori, døme, illustrasjonar og oppgåver vil ein finne fagområde frå studieretninga. ForfattaraneTil saman seks forfattarar står bak læreverket Tal i arbeid. Odd Bue, John Engeseth, Aage Ingjer, Per Inge Pedersen, John Ivar Solvik og Susanne Stengrundet har til saman lang røynsle frå ulike delar av skuleverket: ungdomsskulen, alle studieretningane i den vidaregåande skulen og frå teknisk fagskule. I to forfattargrupper har dei utvikla kvar sine komponentar til Tal i arbeid; dei utgjer eit heildekkjande verk for matematikkfaget i dei yrkesfaglege studieretningane i den vidaregåande skulen.
Les mer
Boka dekker behovet elevene har for en yrkesrettet og praktisk matematikk. Det er lagt vekt på de deler av fagstoffet som står sentralt for elever på mekaniske fag.

Produktdetaljer

ISBN
9788203325427
Publisert
2000
Utgave
3. utgave
Utgiver
Vendor
Aschehoug
Vekt
760 gr
Høyde
186 mm
Bredde
266 mm
Dybde
16 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
296
Sjanger
Skolebøker