Kontakt Påbygging er nyskrive for påbyggingskurset Vg3. Verket følgjer i spora til Kontakt Vg1–Vg2, men ein kan bruke det sjølv om elevane har brukt eit anna verk tidlegare.Alt i éi bok Teoristoff og tekstsamling er i same bok og det gjer lærestoffet lettare tilgjengeleg. Særeige for læreverket er at teoridelen har grundige omtalar og eksempel frå mange av tekstane som elevane finn i tekstsamlinga. Slik får elevane sjå korleis dei sjølve kan analysere og omtale liknande tekstar. Egne kapittel om retorikk og skriving av tekstar viser elevane korleis dei skal skrive tekstar med ulike formål. Utvida tekstsamling på nett Tekstsamlinga i boka dekker heile litteraturhistoria, men for å ha fleire tekstar å velje mellom, har vi ei eiga tekstsamling på nett som supplerer og utvidar tekstsamlinga i boka. Det er oppgåver til alle tekstane. Vegen mot eksamen Påbyggskurset har mykje stoff, og førebuingar til eksamen er ein viktig del av kurset. Vi har med tips og informasjon om eksamensoppgåver og kva som blir forventa av elevane ved skriftleg eksamen. Dette stoffet kan elevane bruke som oppslagsdel under eksamen. Elevnettstad med støtte for lesing og skriving Elevane finn der lydbokfiler til alle kapitla, interaktive oppgåver som dei kan bruke til å repetere og drille fagstoffet, og ressursar og oppgåver som er til god hjelp i arbeidet med lærestoffet. Lærarnettstad med forslag til prøver og oppgåver På lærarnettstaden er det forslag til undervisningsopplegg, forslag til tverrfaglege sjangeroppgåver, forslag til eksamensretta oppgåver og powerpointar som ein kan redigere.]]>
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202473600
Publisert
2015-07-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm
Vekt
1288 gr
Høyde
265 mm
Bredde
197 mm
Dybde
28 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
496
Orginaltittel
Kontakt påbygging
Sjanger
Skolebøker