Betongarbeid er skriven for elevar i vidaregåande skule, lærlingar og praksiskandidatar. Ho er oppdatert etter ny læreplan for vg3 betongfaget/opplæring i bedrift frå 2022. Her får du ei inngåande beskriving av både det praktiske og det teoretiske som krevst av ein betongfagarbeidar. Med denne læreboka blir du sikra ein god samanheng mellom opplæring i skule og bedrift. Dette er den første komplette læreboka om betongfaget etter at dei fire tidlegare lærefaga blei slått saman: betong- og grunnarbeid, forskaling, armering og betongindustri. Målgruppa er elevar innanfor yrkesfagleg fordjuping på vg1 bygg- og anleggsteknikk, elevar på vg2 betong og mur innanfor programfaga og yrkesfagleg fordjuping og lærlingar i betongfaget. I tillegg er boka eit oppslagsverk for erfarne betongfagarbeidarar og aktuell støttelitteratur for ingeniørstudentar. Boka har to delar: Material- og produktlære Utføring på byggeplass Læreverket består av ei lærebok og ein nettressurs. Til saman utgjer desse eit samla læremiddel som sikrar at opplæringa kan varierast både i klasserom, verkstader, lærebedrifter og ved sjølvstudium.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788211045225
Publisert
2024-02-15
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
1951 gr
Høyde
295 mm
Bredde
210 mm
Dybde
35 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
580

Forfatter
Illustratør