Grip er eit læreverk for vaksne innvandrarar som får opplæring i samfunnsfag, naturfag og matematikk på grunnleggjande nivå. Verket dekkjer kompetansemåla etter 2., 4. og 7. trinn i læreplanane etter Kunnskapsløftet. Grip fokuserer på å presentere fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Det visuelle uttrykket er ryddig og enkelt, med variert bruk av foto og teikningar. Grip 1 Samfunnsfag og naturfag gir deltakarane basiskunnskapar i dei to faga og dekkjer kompetansemåla etter 2. og 4. trinn i læreplanane. Boka er tydeleg delt i to og er enkel å orientere seg i. Døme på emne i samfunnsfag: geografi i Noreg og verda, steinalder, bronsealder, jernalder, familieformer, kulturkonfliktar, styresett i Noreg. Døme på emne i naturfag: mangfald i naturen, kropp og helse, verdsrommet, vatn, vêr, naturkrefter. Grip digitale ressursar På nettstaden til verket finn du Grip 1 Samfunnsfag og naturfag som digital bok, del deltakaren vil finne støtte i lyd og omsetjingar til mporsmålet. Læraren finn supplerande oppgåvemateriell til nedlasting og tips til undervisninga.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788211014993
Publisert
2013-06-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
526 gr
Høyde
275 mm
Bredde
200 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Fremmedspråklige voksne
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
169
Illustratør