Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede. Elevbok 6B I elevbøkene for 6. trinn arbeider elevane med tema og tekstar med ulik vanskegrad og i ulike sjangrar. Kapitla er delt inn i fire rike: Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket. Leseriket øver leseferdigheitene. I tekstarbeidet kan elevane utforske og reflektere over fiksjon og verkelegheit, identitet, språk og kreativitet. Kvart kapittel har ein tydeleg lesestrategi som skal trene elevane i kritisk og analytisk lesing. Taleriket gjennomgår og øver munnlege ferdigheiter. Språkriket inneheld grammatikk- og rettskrivingsoppgåver. Skriveriket øver skriveferdigheteine. Kvart kapittel presenterer ein skrivestrategi som lettar arbeidet med skrivinga. Elevboka finst òg i digital utgåve. Supplerande oppgåver finst på ordriket.no og i kopioriginalane i lærarrettleiinga. Les meir på fagbokforlaget.no
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788211038425
Publisert
2022-11-30
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
1078 gr
Høyde
266 mm
Bredde
210 mm
Dybde
20 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
276