Treng du tips til å aktivisere studentane dine? Ynskjer du å variere undervisninga? Synest du at det er vanskeleg å få alle til å snakke og bidra i klassen? Ynskjer du at studentane skal ta meir aktivt del i eiga læring? I denne boka finn du over hundre konkrete tips til korleis du kan aktivisere studentane dine. Enkle og systematiske øvingar blir forklarte med døme frå undervisning i norsk som andrespråk, men øvingane kan lett tilpassast andre fag både i grunnutdanning og høgare utdanning. Dei didaktiske tipsa er solid grunna i forsking som viser at det å delta aktivt for å utvikle eigen kunnskap er avgjerande for læring ikkje minst for språklæring. For å bli god i eit språk må ein både høyre det, prøve det ut og bruke det. Når studentane får tid, plikt og rett til å delta og bruke si stemme i læringssituasjonen, får dei styrkt læringsmoglegheitene sine. Toril Kristin Sjo er frå Halsnøy i Sunnhordland, men har budd i Oslo i nesten heile sitt vaksne liv. Ho er førstelektor i norsk som andrespråk og underviser i norsk for internasjonale studentar ved Universitetet i Oslo. Ho har halde mange kurs for lærarar, både i grunnskule, vaksenopplæring og høgare utdanning, mellom anna i samarbeid med Kompetanse Norge og Utdanningsetaten i Oslo.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788232103379
Publisert
2015-07-10
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
422 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
218
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter