Inn i livet er eit læreverk for RLE-faget 1.-7. trinn. RLE-faget er stort og omfattande, men Inn i livet gir faget struktur og oversikt. Ved å gå frå det nære til det fjerne vil elevane møte kunnskapsstoffet med deira eigen kvardag som utgangspunkt. Gjennom tekstar og oppgåver gir vi elevane eit tematisk og samanliknande perspektiv på religionar, livssyn og etikk. Inn i livet er utarbeidd etter læreplanen frå 2008. I Inn i livet 2 Elevbok møter barna RLE i eit livsnært perspektiv og får innblikk i korleis barn med ulike religionar og livssyn lever i kvardag og høgtid. Bøkene er rikt illustrerte med varierte og engasjerande oppgåver som gir elevane høve til å nytte ulike læringsstilar for å tileigne seg stoffet. Elevboka er organisert etter ulike tema der alle religionar og livssyn blir presenterte på ein likeverdig måte. Tema i 2. klasse er: - kjensler - korleis vi skal vere mot kvarandre - merkedagar og høgtider - høgtider i dei ulike religionane I tråd med det gjennomgåande prinsippet i verket om å gå frå det nære til det fjerne er høgtidsfeiring i familien sentralt i 2. klasse. Dei høgtidene barna kjenner best til, blir omhandla her. Inn i livet 2 Elevbok er eingongsbok.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252175820
Publisert
2010-04-27
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
280 gr
Høyde
276 mm
Bredde
210 mm
Dybde
6 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
72