Inn i livet er eit læreverk for RLE-faget 1.-7. trinn. RLE-faget er stort og omfattande, men Inn i livet gir faget struktur og oversikt. Ved å gå frå det nære til det fjerne vil elevane møte kunnskapsstoffet med deira eigen kvardag som utgangspunkt. Gjennom tekstar og oppgåver gir vi elevane eit tematisk og samanliknande perspektiv på religionar, livssyn og etikk. Elevboka er organisert etter ulike tema der alle religionar og livssyn blir presenterte på ein likeverdig måte. Tema i 1. klasse er: - namn - familie og vennskap - religion og livssyn - i opphavet - å vere saman Elevane blir aktiviserte gjennom eit godt utval oppgåver som er tilpassa ulike nivå. Dei ulike oppgåvetypane er markerte med ikon som tydeleg viser elevane kva slags arbeid som er venta av dei. Oppgåvetypane samsvarer med dei grunnleggjande ferdigheitene i læreplanen. Inn i livet 1 Elevbok er ein eingongsbok, rikt illustrert og med vakre teikningar og er utarbeidd etter læreplanen frå 2008.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252174540
Publisert
2009-05-14
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
260 gr
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
64