Spørsmål om religion, livssyn og etikk vedkjem alle menneske, du og eg - barn som vaksne. I Du og eg 3 møter elevane lærestoffet gjennom forteljingar om barn på deira eigen alder med ulik livssynsbakgrunn. På denne måten blir faget konkret og knytt til elevane sitt erfaringsområde. Forteljingane er gode utgangspunkt for å snakke om religionar og livssyn, rett og gale, for å stille spørsmål til livet og leite etter svar. Dei formidlar lærestoffet på ein måte som gir kunnskap, og som stimulerer til refleksjon og samtale. Dette er viktige føresetnader for å utvikle toleranse og respekt. Du og eg-serien presenterer alle dei obligatoriske religionane og livssyna i RLE på kvart årstrinn. Arbeidsbøkene legg stor vekt på å motivere og aktivisere elevane gjennom forteljingar, illustrasjonar og varierte oppgåver der dei grunnleggjande ferdigheitene er integrerte. Du og eg 1-7 består av følgjande komponentar: * arbeidsbøker til 1. og 2. årstrinnet * tekstbøker til 3.-7. årstrinnet * lærarrettleiingar til alle årstrinna * CD * nettressursar for elevar og lærarar på www.duogeg.no
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788276348095
Publisert
2010-10-14
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Høyskoleforlaget
Vekt
550 gr
Høyde
297 mm
Bredde
210 mm
Dybde
10 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
143
Original title
Du og eg 3
Genre
Skolebøker