Junior Scoop er eit engelskverk for 1. til 4. klasse. Her møter elevane det første framandspråket gjennom leik og aktivitet - og ikkje minst humor. Med lytting, herming, spel, song, leik og annan aktivitet tek barna opp grunnleggjande frasar, ord og uttrykk. Junior Scoop 1-2 Workbook støttar opp under den første munnlege byrjaropplæringa i engelsk gjennom spiralprinsippet. Elevane lærer nye ord og uttrykk ved systematisk å byggje på det dei alt har lært. Boka er delt inn i fire hovudtema: Numbers, Colours, Animals og Body and Clothes, og kvart tema byggjer på det førre. Språk er kommunikasjon. Junior Scoop 1-2 Workbook legg vekt på at elevane skal bruke språket for å få utført ei oppgåve, og at det skal vere samspel mellom lærar og elev. Til kvart tema er det myldrebilete, songar, leikar og aktivitetar.
Les mer
Boka legger vekt på samspel mellom lærar og elev og gjev struktur til innlæring av nye ord og uttrykk.
Produktdetaljer
ISBN
9788252163438
Publisert
2005
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
230 gr
Høyde
297 mm
Bredde
210 mm
Dybde
5 mm
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
54
Illustratør