Poetisk om modig jente i naturen. Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ute ved havet. Men dei er ikkje aleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her. Det same gjer ørna. Ylva oppdagar noko nede i fjøresteinane. Noko lite og levande. Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt. Kan Ylva klare å redde dei to killingane åleine? «Ylva og villgeitene» er ei forteljing om å prøve å vere modig når nokon treng hjelp, men også om å bry seg om alt levande som finst i naturen ikring oss.
Les mer
«Elementa av barnleg heltemot og naturharmoni gjer dette til ei bok av det oppbyggjelege slaget, sjølv om handlingsforløpet skulle vere eigna til å få opp ikkje berre sjølvtilliten, men også pulsen til små lesarar.»
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252199321
Publisert
2020-02-14
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
440 gr
Høyde
305 mm
Bredde
218 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
3-6
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
41

Forfatter
Illustratør