Sprudlande dikt for barn og vaksne i alle aldrar. Har du kinesisk jern i blodet? Er det tisset til Jesus du drikk? Er spyfluga glad i spy? Og har du eigentleg Europas største stortå? Dette er nokre av spørsmåla du får eller ikkje får svar på i denne diktsamlinga. «Tusen elgar i garasjen» tar oss med på ei ferd med ramn og salamander, dinosaurar og flaggermus, rustne traktorar og maur i trusa som følgjesveinar. Har du nokon gong ridd på ein daud elg gjennom skogen? Tenkte oss det. Illustrert av Hilde Hodnefjeld SANDKASSA Om sandkassa er noko lite og barnsleg? Nei, veit du kva. I den kan ein byggje slott, tunellar og store byar. I den kan ein bake hundre kaker i minuttet. Katten brukar sandkassa som do, og mauren brukar henne som ferieparadis. Bygg ein dinosaurpark i sandkassa. Folk kjem frå heile verda for å sjå. Dei rir på tyrannosaurus rex og diplodocus. Alt er fryd og gaman heilt til ein meteor kjem frå verdsrommet og utryddar alle. Frå kjøkenglaset roper mamma at det er middag.
Les mer
Oppmodinga er klar: Ein skal aldri slutta å undra seg, og ein skal aldri slutta å leika [...] Løvåsen er på barnelesaren si side i denne boka. Ertar han kanskje litt innimellom, men mest av alt freistar han opna fantasien, leikerommet, gjera verda større [...] Løvåsen opnar det kvardagslege fint opp for lesaren og let undringsrommet stå ope lenge etterpå [...] Dikta er leiken i form, innhald og språk. Leiken og undringa er i alt i Tusen elgar i garasjen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234010156
Publisert
2023-04-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
244 gr
Høyde
235 mm
Bredde
172 mm
Dybde
8 mm
Aldersnivå
6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
45

Forfatter
Illustratør