Siste boka i lesarane sin favorittgrøssarserie - no i pocket! 
 
Elisabeth og Gry dreg til Venezia for å fi nne ut kva som skjedde med bibliotekaren Viggo. Kva var han på sporet av då han døydde?  
 
Lesaren blir også teken med til Venezia på 1500-talet, der Gallo-brørne går i gang med spegelproduksjon. Dei blir både offer og reiskap for dei demoniske kreftene som seinare skal heimsøkje Hardanger på 1800- talet og Bergen i notida.  
 
Her får lesarane som har følgt Svarte- Mathilda frå spegel til spegel, endeleg vite den grufulle byrjinga på historia. Eller går ho kanskje endå lenger bakover i tid?  
 
Den tredje boka om Svarte-Mathilda er mørkare og skumlare enn dei to første, som har blitt lesarfavorittar og nominerte til Uprisen.
                                
                                Les mer
                              Produktdetaljer
ISBN
                    
            9788252192841
      
                  Publisert
                     2016-08-15 
                  Utgave
                     1. utgave 
                  Utgiver
                    Det Norske Samlaget; Samlaget
                  Serie
                    
                  Vekt
                     188 gr
                  Høyde
                     200 mm
                  Bredde
                     128 mm
                  Dybde
                     15 mm
                  Aldersnivå
                     12-16
                  Språk
                    
  Product language
              Nynorsk
          Format
                    
  Product format
              Heftet
          Antall sider
                     187
                  Sjanger
                     Skjønnlitteratur
                  Forfatter