Dramatisk redningsaksjon i skogen Saga er eldst av fire søsken. Ho synest det blir mykje mas med småsøskena - alltid må ho passe dei. Spesielt slitsam er veslebroren Leon på fem år. Saga drøymer om å få Kongens fortenestemedalje og kome på Slottet. Saman med Storm, bestevennen hennar, skal ho trene familiehunden til å bli ein redningshund. Slik får ein fortenestemedalje, har ho høyrt. Men når dei skal starte treninga, blir alt øydelagt når veslebroren Leon må bli med. Då får Saga ein idé! Kva om dei sender Leon inn i skogen og får hunden til å finne han? Då får dei endeleg litt fred og ro. Men plutseleg er Leon borte heilt på ekte! Saga og Storm og Kongens fortenestemedalje er ei varm og humoristisk historie om å vilje bli sett, om gode vener og om søskenkjærleik. Boka er rikt illustrert av Ella Okstad.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234010347
Publisert
2024-01-08
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
225 gr
Høyde
206 mm
Bredde
154 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
71

Forfatter
Illustratør