God som gull! ... Perfekt som godnatt-forteljingar ... Maria Parr er ein av dei dyktigaste barnebokforfattarane vi har.
- Anne Cathrine Straume, NRK
En norsk Emil i Lønneberget! ... Denne serien setter standarden for sjangeren «høytlesningsbok».
- Kristine Isaksen, VG
En nydelig bok.
- Anne Cathrine Straume, NRK
... selv om de voksne hverken er problemfrie eller alltid harmoniske, er de likevel forbilledlige. Slik skaper Parr trygge rammer for leseopplevelsen ... Ida og Oskars hverdag er skrevet frem så nært og fint at det aldri er tvil om at deres opplevelser har verdi i seg selv.
- Guri Fjeldberg, Aftenposten
Ein blir investert i karakterane, og gjennom boka er det lett å både le høgt av morosame situasjonar og sitat, men også tørke nokre tårer. Samt kjenne på spenning på kva som er
neste steg.
- Tanja Anett Thunem, Synste Møre
I Maria Parr og Åshild Irgens andre bok om Ida og Oskar blir dei gode kvalitetane frå førsteboka både vidareført og vidareutvikla – og søskenparet etablert som eit nytt radarpar i norsk barnelitteratur.
- Ingrid Senje, Barnebokkritikk
Andreboka om Oskar og Ida er fullt på høyde med Maria Parrs klassiker fra 2023. (...) Boka blir lett en av de første jeg vil anbefale, når folk ganske snart begynner å spørre om julegavetips. (...) Åshild Irgens tegner dem begge med uttrykksfull vennlighet; det er et behagelig visuelt univers å være i.
- Silje Bekeng-Flemmen, Klassekampen
Det er mykje som kan bli øydelagt i ein vanleg familie. Jammen bra at førsteklassingen Oskar har limpistol så han kan lime ting saman igjen. Særleg storesøster Ida sine ting. Men kva med alt det som ikkje kan limast? Fiskestenger på havets botn, uventa vikarar og bortkomne dinosaurar? Og dei dagane då alt blir feil, går det an å reparere dei? Ein må i alle fall prøve! Farmor tek bomba i redningsaksjon til sjøs, Oskar trøystar eit knust hjarte med måling og stein, og Ida finn ut at ho er modigare enn ho trur. Kanskje er det av og til best å gjere som Oskar? Berre gi drallen og mose på?
Oskar og eg. Alle tinga vi har er ein knallsterk oppfølgjar til sals- og kritikarsuksessen Oskar og eg. Alle plassane vi er og passar perfekt som høgtlesingsbok for heile familien.