Ei sterk og engasjerande samling noveller, der lesaren lett slår lag med hovudpersonen og ikkje skil mellom fantasi og røynd. Novellene tek ofte utgangspunkt i skrekk- eller lystfantasiar mange unge vil kjenne att, og viser korleis mange har det med seg sjølv i sine første tenåra. Dei vi får møte her, er sensitive, sårbare, drivne av lengt og smerte. Erfaringane i denne livsfasen er ikkje berre noko ein skal kome seg gjennom og leggje bak seg, dei kan danne grunnlaget for kontakt med poesien i livet. I og med at desse novellene lét det alvorlege i livskjensla stå fram med slik vekt, blir dette ei viktig bok. Kaldhols språk er klart og kraftfullt og gjer lesinga til ei eige glede.
Les mer
Åtte noveller som tek utgangspunkt i skrekk- eller lystfantasiar mange unge vil kjenne att, og som viser korleis mange har det med seg sjølv i dei første tenåra. Ungdommane i desse novellene er sensitive, sårbare, innhylla i nye gleder og sansingar. Her er innslag av erotisk vakning, men også av såra forventning og fortvilte sjølvkjensler. Personane i boka gjer erfaringar som set dei i kontakt med både realismen og poesien i livet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252168662
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
263 gr
Høyde
211 mm
Bredde
136 mm
Dybde
14 mm
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
121

Forfatter