I tre tiår har Leon vore ein småkjeltring som ikkje har stukke seg ut, men plutseleg byrjar han å strø om seg med pengar, og politiet lurer på kor dei kjem frå. Dei tilkallar CHERUB, for denne organisasjonen har ein heilt spesiell fordel: Sjølv ikkje garva kriminelle får mistanke om at barn og ungdommar spionerer på dei. Det siste oppdraget til James kan verke rutinemessig, men når James byrjar å grave dukkar det opp noko heilt uventa, og den einaste som ser ut til å vite sanninga er ein atten år gammal gut. Problemet er berre at guten fall ned frå eit tak og døydde for eit drygt år sidan. Drapet er bok 4 i den populære CHERUB-serien. Les også: Rekrutten, Kokainkongen, Flukta, Heilag galskap, Mennesket og dyret, Slått ut, Gjengkrigen, Søvngjengaren og Generalen. Omsett av Øystein Rosse Robert Muchamore (f. 1972) arbeidde i mange år som privatetterforskar, men spenningsbøkene hans blei så populære at han slutta som etterforskar. Bøkene hans er no utgitt på over tjue språk.
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2016-04-26
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Orginaltittel
The killing
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter
Oversetter