Sivert har ikkje ein einaste ven. Han lespar og er blant dei minste i sjuande klasse. Og så har han ei syster med Downs syndrom. Ein dag byrjar det ein ny gut på skulen. Han heiter Petter og blir besteven med Sivert. Men han finn også på ting som ikkje er heilt lovlege, og som set Sivert sitt liv i fare. Kva gøymer seg bak den tøffe maska til Petter?  Korleis skal Sivert kome seg ut av alt det skumle han viklar seg inn i? Og kva med pappa? Kvifor oppfører han seg så rart? Jenny Ødven Snildal er opp­vaksen på Sandane, men bur no i Naustdal i Sunnfjord kommune. Ho har jobba i mange år innan Den norske kyrkja, med stillingar både innan administrasjon og ar­beid for barn og unge. Tidlegare har ho gitt ut barnebøkene Bakanfor og Serafel. For den siste fekk ho Emmausprisen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788293636502
Publisert
2024-11-04
Utgiver
Vendor
Skriveakademiet
Vekt
400 gr
Høyde
211 mm
Bredde
133 mm
Dybde
14 mm
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
114
Sjanger
Skjønnlitteratur
Innkjøpsordning
Kulturfond

Redaktør