Boka gir ei generell innføring i kva ei stavkyrkje er, korleis ho er bygd og korleis stavkyrkjene er forankra i vår kultur. Stavkyrkjene representerer ein spesielt verdifull del av den norske bygningsarven. Den tusen år gamle byggetradisjonen i tre er også døme på det ypparste handverket vi har i landet, og det er difor viktig at barn forstår kva ei stavkyrkje er, og kvifor vi har desse unike kyrkjene her i Noreg. I boka vert fakta og informasjon forklart på ein lettforståeleg måte og tilrettelagd for barn ved omfattande bruk av forklarande og humoristiske teikningar. Draken er barna sin venn i boka. Han er med på kvar einaste side, og gjer lesing av boka også til ei morosam oppleving.
Les mer
Dette er ei reise nesten 1000 år tilbake i tid, til då stavkyrkjene vart bygde. Her får du svar på mange spørsmål, som til dømes: Kva er eiegentleg ei stavkyrkje? Korleis kunne dei halde seg så lenge utan å rotne? Og er alle stavkyrkjer like? Med ordliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788279590958
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
490 gr
Høyde
231 mm
Bredde
250 mm
Dybde
12 mm
Aldersnivå
9-12, 12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
63