Det er lys i vindauget i tredje etasje i Berjaflotvegen 9. Der står Per Eikemo, 86 år gammal, og ser ut over Odda. Dette er ikkje hans tid, og det er ikkjelenger det Odda han kjenner. Men huset står, huset som far hans bygde, og som Per sjølv måtte overta som 14-åring da faren døydde. Her voks han opp, saman med dei fire brørne sine, den eine villare enn den andre. Dei har halde det gåande med husbygging, idrettslag, amerikareiser og maratonløp. Dei fire etasjane har alltid vore fulle av liv og prosjekt. No er det berre Per igjen i huset - og klokka som stadig tikkar og går. Marit Eikemo, som sjølv voks opp i Berjaflotvegen 9, har skrive ei underhaldande og rørande forteljing om eit hus, ein familie og ein industristad. Boka er ein sørgjesong og ei kjærleikshistorie om alt som går tapt, om det som formar oss og om krafta som held oss i live.
Les mer
Med ‘Vi er brødrene Eikemo’ opnar Marit Eikemo døra til eit nytt rom i forfattarskapen … ei historie om kva det inneber å bu i ansvaret sitt, slik Eikemo har skrive at far hennar har gjort, sidan den dagen han sjølv blei farlaus og vaksen over natta. Portrettet av faren er det minst spektakulære, men også det varaste og finaste i boka - utan omsveip og ein smule tragisk, men fullt av anerkjenning, forståing og respekt.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234012174
Publisert
2024-05-16
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
340 gr
Høyde
211 mm
Bredde
139 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
245

Forfatter