Ei mor køyrer med dottera fastspent i baksetet frå Oslo til staden ho kjem ifrå, ei bygd på Vestlandet. For dottera er det ein biltur gjennom timar og landskap, men for mora vert ei reise inn og ut av ulike tider, tilbake til heimstaden og oppveksten på eit lite gardsbruk. «Vassarv» er ein roman om å vera fire år, om å ynskja seg eit kjæledyr, om å oppdaga verda på eiga hand, om mora si sorg og glede over å sjå barnet sitt veksa opp. Det handlar om overgangane i livet, om brota som fylgjer med i den naudsynte lausrivinga på veg til eit eige liv, i dotterskapen og morskapen. "Vassarv" er ein rik roman, om minne, slektskap, tap og tilhøyrsle. Det er ei gripande og medrivande forteljing, full av subtile og kraftfulle rørsler mellom det kvardagslege og det storslegne, som aldri mistar av syne korleis livet brutalt går sin gang.
Les mer
"Bråtveit i toppform . meisterleg . Nydelege og stillferdige skildringar gjer denne romanen stemningsfull . Ikkje minst viser Bråtveit på ein treffsikker måte at kor ein kjem frå og kvar ein veks opp, pregar oss langt inn i vaksenlivet"
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249526857
Publisert
2023-07-28
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Vekt
321 gr
Høyde
213 mm
Bredde
139 mm
Dybde
21 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
219

Forfatter