Femte bandet i romanserien Tusen vårar er ei levande og dramatisk skildring frå Noreg på 1700-talet. Ei stor forteljing av ein stor forfattar. Oppkoma er det femte frittståande bandet i serien Tusen vårar . Handlinga går føre seg i fyrste halvdel av 1700-talet. Hovudpersonen Heine Bjødneson kjem heim til si sunnhordlandsbygd etter å ha vore og stridt i 20-årskrigen. I mellomtida har den mektige baronen Axel Rosenkrantz tileigna seg odelsgarden hans på urett vis. I romanen opplever me Heine sin strid for å vinna attende garden sin, og hans strid for Synva, som han er gift med. Me opplever ei levande tidsskildring og eit fargerikt persongalleri med menneske som strider både for levemåten og for sitt åndelege liv. Oppkoma er ein roman om dei krefter mennesket til alle tider har bore i seg, som både gjev motbør og vokster.
Les mer
Sunnhordland er det geografiske sentrum for romanhandlinga som går føre seg i fyrste halvdel av 1700-talet. Heine Bjødneson kjem heim etter å ha tent i 20-årskrigen i fem år. Han finn ut at Baron Axel Rosenkrantz har brukt ei gamal skuld på berre nokre hundre dalar som eit påskot til å annektere Heine sin odelsgard. Heine må kjempe både for heimgarden sin og for Synva, som ikkje kan gløyme kva som har hendt mellom han og Guro Tomasdotter. Dette er det femte bandet i den historiske romanserien Tusen vårar, som vart innleidd med Sigrid Jonsdotter (2001).
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788205358133
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Serie
Vekt
380 gr
Høyde
140 mm
Bredde
211 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
257
Sjanger
Skjønnlitteratur
Forfatter