Fjerde bandet i romanserien Tusen vårar er ei fargesterk og dramatisk skildring frå Noreg på 1600-talet. Ei stor forteljing av ein stor forfattar. Ingibjørg er det fjerde bandet i romanserien Tusen vårar, men er ein heilt sjølvstendig roman. Me er i Sunnhordland på midten av 1600-talet, og sentralt i handlinga står den rike jordeigaren Axel Mouatt, han som ved den store eiga si gav grunnlaget for baroniet Rosendal. På andre sida møter me utarma bygdesamfunn, og me møter soldaten og bonden Gaute og draumen hans om den fagre Ingibjørg. Romanen fører oss inn i ei tid der krig og konflikt med svenskane set sitt preg på menneska sine liv, og der det mystiske i folketru og tanke hadde stor makt. Her er spenning og driv, men fyrst og fremst gjev romanen eit rikt og levande bilete av menneska i ei brytingstid i soga vår.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205332225
Publisert
2004
Utgave
1. utgave
Utgiver
Gyldendal Norsk Forlag AS; Gyldendal
Serie
Vekt
390 gr
Høyde
140 mm
Bredde
211 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
271
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter