Dramatisk og mangfelt forteljing frå Noreg på 1300-talet. Himmelstigen er det andre, frittståande bandet i den historiske romanserien Tusen vårar, som vart innleidd med Sigrid Jonsdotter i 2001. Sunnhordland er geografisk sentrum for romanhandlinga, tida er det dramatiske 1300-talet. Sentralt i forteljinga står bondesonen Arne Vidarson, som dregst mot tre ulike kvinner: tenestejenta Håbjørg, den vene Alvsol og den mektige enkja med stor gardeiga, fru Gyrid. Arne søkjer makt og velde, men han har òg ein draum om det høgheilage. I romanen teiknar Johannes Heggland eit rikt og levande bilete av tida. Her møter me vanlege folks liv og lagnad, klosterliv med både gode og ringe sider, striden mellom kyrkjemakt og statsmakt, og fylgjene av Svartedauden.
Les mer
Sunnhordland er det geografiske sentrum for romanhandlinga, tida er det dramatiske 1300-talet. Sentralt i forteljinga står bondesonen Arne Vidarson, som dregst mot tre ulike kvinner, tjenestejenta Håbjørg, den vene Alvsol og den mektige enkja med stor gardeiga, fru Gyrid. Arne søkjer makt og velde, men han har og ein draum om det høgheilage. I romanen møter lesaren vanlege folks liv og lagnad, klosterliv med både gode og ringe sider, striden mellom kyrkjemakt og statsmakt, og fygjene av Svartedauden. Dette er det andre, frittståande bandet i den historiske romanserien Tusen vårar, som vart innleidd med Sigrid Jonsdotter (2001).
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205306684
Publisert
2002
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Serie
Vekt
440 gr
Høyde
136 mm
Bredde
211 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
313

Forfatter