Endeleg på nynorsk! Ein «litterær jærsalat» frå Kjell Arild Pollestad«I 2010 flytte eg heim til Jæren etter over førti års omflakking, med mange år i utlandet, særleg i Frankrike, men også i Roma er eg etter kvart vorten heimekjend. Mange år budde eg og i Oslo, og ikkje minst i Tønsberg, der eg i åtte år var sokneprest. Men kor eg enn var i verda, måtte eg heim til Jæren så ofte det let seg gjera, og få har sete meir på Sørlandsbanen mellom Oslo og Bryne enn eg.Om Jæren har eg gjennom åra skrive mykje, og no har eg som gamal mann sett saman ein litterær ‘jærsalat’ av eigne tekstar frå mitt ljose fastland. Her finst og sumt som ikkje har vore utgjeve før, særleg nokre dikt som eg til tider har mora meg med å skriva når eg heller burde ha gått og lagt meg. På ein måte er alle tekstane nye, for alt eg har skrive på ‘sidemålet’, kjem her på hjartespråket, på ‘målet hennar mor’.»Til Jæren med pater Pollestad er hans fyrste utgjeving på nynorsk.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788284750125
Publisert
2025-09-24
Utgiver
Efrem forlag AS; Efrem
Vekt
420 gr
Høyde
198 mm
Bredde
137 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
243
Sjanger
Faglitteratur