Det finst ei teikning, frå den tolv år gamle Malins hand, av høgblokka med ei bærtung rogn framom, hausthimmel bak.

Sør i Trondheim ligg Risvollan burettslag. Dei over elleve hundre leilegheitene, fordelte på fargerike lågblokker og den ikoniske høgblokka, utgjer det største frittståande burettslaget i Noreg. Her flytter to vaksne saman og gjer Vidar og Malin til stesysken. Kvardagane faldar seg ut, og slik tomflaskene under vasken hopar seg opp, veks fortida i omfang. No er ungane for lengst vaksne, og Malin er forsvunnen. Om ho verkeleg er daud denne gongen, må det vel vera riktig av Vidar å leite etter ho? Om ho igjen er i fare, er det kanskje endå viktigare.

Svart skissebok er ei fuktig forsvinningssak og ein lokal leiteaksjon med knappe ressursar. Erlend Skjetne har skrive ein vemodig og innfallsrik roman med stor kærleik for Trondheim og eit bankande hjarta for dei på skuggesida.

Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282886178
Publisert
2025
Utgiver
Vendor
Flamme
Høyde
205 mm
Bredde
130 mm
Dybde
26 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter