I denne boka er det lagt vekt på å vise spennvidda i produksjonen til snikkaren og bygdekunstnaren Aslak Olsen Lie ( 1798 . 1886 ) PÅ denne måten har det vore mogeleg å få fram mykje av dei reelle vilkåra for ein representant for denne generasjonen bygdekunstnarar her i landet. At vi kan følge den same personen etter at han utvandra til Amerika, gjev . snedker Lie. ein ny dimensjon. Vi får fram biletet av ein handverkar og bygdekunstnar i stadig tilpassing til nye ramme vilkår.
Det har vore lagt vekt på å setja materialet inn i kjende etnologiske og kunsthistoriske samanhengar, og ein har dokumentert prossessar som elles er vanskelege å påvise med konkrete døme frå den materielle kulturen. Det er vona at somme av problemstillingane i boka også kan førast vidare, og at boka såleis kan vera til nytte for vidare granskning innan temaet . bygdekunst . eller . folkekunst. både her i landet og i Amerika.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788270993154
Publisert
2000
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Novus
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Flerspråklig
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
143
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter