Ein gong tidlig på 1980-talet flyttar Arvid Lunde til Odda, og blir lærar på gymnaset. Han ser ut som om han ønskjer å bli slukt av staden, som om han vil gå i eitt med røyken, regnet og skodda. Ein dag tar tidsånda plass i den tynne kroppen hans, og det blir kjent at Arvid Lunde har blitt millionær på aksjehandel. Ein møbelhandlar frå Åsane set seg i bilen og kjører til Sverige mens Norge arrangerer ol på Lillehammer. Han vil gjøre ein siste, desperat handling. Ein gong var han ein som kjente folks drømmar, ein som leverte lykke på dørene. No er butikken lagd ned og ho han var gift med hugsar ikkje lenger kva han heiter. Dei er ulevande og ingen kan sjå dei. Dei kjører grå tenestebilar av merke Toyota Corolla, og dei ferdast gjennom gatene i eit utlevd Oslo. Dei har namn som Gerhardsen, Bratteli, Nygaardsvold. Dei gjør den jobben som må gjørast i skuggen av sosialdemokratiets lys, ei fjern og fallande stjerne. Saganatt. Lundetrilogien er tre romanar i eitt, tre forteljingar frå tre desperate og fordrøymde tiår i nyare norsk historie. Det handlar om korleis vi kom hit, eller korleis vi kom ut av det igjen, eller kva som er igjen av draumen om det livet vi skulle dele.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249509409
Publisert
2012-06-01
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
442

Forfatter