Slekt, svik og spenning i ei historie som byrjar under krigen og endar i vår tid.
I 1972 dreg 25 år gamle Svein til Chile. Han kjem aldri heim att. Tretti år seinare kastar forsvinninga hans framleis skuggar over dei han fór ifrå: dei aldrande foreldra Jakob og Dagny, kjærasten Ranveig og dottera Tonje, som han aldri har møtt.
Kva har Jakob og Dagny sine opplevingar under krigen fått å seie for forholdet til sonen? Og korleis får avgjerder tatt i ei dekkleilegheit i Oslo i 1943 konsekvensar for Tonje seksti år seinare?
Tonje har sine eigne løyndomar å bere på, og nettet av løgner ho har spunne rundt seg sjølv og andre, er i ferd med å rakne.
Forteljinga tek lesaren frå krigens dagar til vår eiga tid ? frå Oslo til Natzweiler, Santiago, Pennsylvania og eit forfalle funkishotell i fjellheimen på Vestlandet. Mot eit bakteppe av historiske hendingar viser Mellom oss både korleis det vesle livet speglar den store verda, og korleis gamle løyndomar kan få følgjer mange år seinare.
Mellom oss er ei historie om tre generasjonar, og om det vi ber på, men ikkje klarar snakke om.
Men når er det for seint å nærme seg kvarandre?
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788210052149
Publisert
2012-05-21
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Tiden
Serie
Vekt
152 gr
Høyde
183 mm
Bredde
115 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
248
Sjanger
Skjønnlitteratur
Forfatter