Margrete veks opp i det hemmelege heimekonelauget i bryggjegardane i Bjørgvin i tida etter Svartedauden. Lauget var kanskje den aller første fagforeininga for kvinner. Alt i 1294 var dette lauget så sterkt at det vart forbode av kong Eirik 2. Magnusson. Men kvinnene heldt saman og dreiv lauget vidare i løynd. Kvinnene sitt fag var å stella mat og klede, gjera livet godt for alle som budde i bryggjegardane. Margrete bryt med dette, ho er merkt av pesten, trur aldri ho kan bli gi. Ho vil heller dyrka skrivekunsten som ho har lært i klosteret, enn å vera heimekone. Som næraste nabo til dei mektige hanseatane som levde i avstengde mannssamfunn, får ho oppleva at livet er utrygt for ei ung møy mellom mange kvinnelause handelsmenn. Ho får eit vanskeleg møte med kjærleiken, kjenner seg dømd av dei strenge preikene i kyrkja som krev bot og anger. Endå om ho vil det beste, blir ikkje livet slik som ho drøymer om. Det blir heilt annleis. Bjørgvin var på den tida ein internasjonal handelsby, den største i landet, med meire menn enn kvinner. Handverkarar og handelsmenn kom frå mange land, hanseatane vart stadig sterkare. Den katolske kyrkja hadde stor påverknad på tru og daglegliv, men nye tankar kom med handelsskipa frå utlanda. Det var ei uroleg tid med eire pestbølgjer, aukande vald, prostitusjon og motsetningar mellom nordmenn og innvandrarar. Margrete mi er ein historisk roman om kjærleik og svik, om strid mellom det vonde og det gode, men også om tru og tilgjeving. Trua på at det gode kan vinna over det vonde, vert aldri borte - i ei tid som på fleire måtar liknar vår eiga urolege tid. Margrete mi er ein frittståande oppfølgjar av Margretesirkelen av same forfattar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788230019214
Publisert
2019-06-17
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kolofon
Vekt
540 gr
Høyde
228 mm
Bredde
160 mm
Dybde
30 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
335

Forfatter