Eve Babitz si bok Late dagar, ville netter kom ut første gongen i 1977. Her møter vi ei kvinne med gnistrande livsappetitt og fortreffeleg observasjonsevne. Gjennom ti kapittel følgjer vi dragnaden hennar mot reiser, rus, californiske solnedgangar og ei mengde ulike folk. Vi treffer forfattarar, druedyrkarar, basketballspelarar og sosietetsfolk, filmstjerner som er fortvila over eigen suksess og italienske femmes fatales meir fatale enn Babitz sjølv. Ingen av Eve Babitz (1943–2021) sine bøker frå 1970- og 1980-talet slo gjennom då dei kom ut. Dei havna i skuggen av imaget hennar som it-jente, og temaa ho skreiv om – Los Angeles, skjønnheit, sex – blei avfeia som overflatiske. På 2010-talet har ho derimot blitt feira for den sanselege og viltre stilen sin. Late dagar, ville netter er ein moderne klassikar i grenselandet mellom fakta og fiksjon – ei feiring av byen Los Angeles og av overskridande liv.]]>
Les mer
«Å lese Eve Babitz er som å være ute på ein varm og åpen veg ved solnedgang med det ho sjølv ... har kalla ‘4/90-aircondition’ – det vil seie når du har fire vindauge opne og køyrer nitti kilometer i timen. Du kan kjenne vinden i håret.»
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788202806088
Publisert
2023-05-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm
Serie
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil
Forfatter
Oversetter
Read by