Eigentleg skulle han ikkje bli konge. Storebror hans skulle overta trona etter kong Håkon 4., medan den unge prins Magnus vart utdanna hos dei fattige fransiskanarmunkane. Då han likevel vart krona som kong Magnus 6. i 1261, vart han den einaste kongen i norsk mellomalder som ikkje førte krig. I staden skapte han Landslova, som vart ein grunnstein i norsk politikk, rett og samfunn. Han vart heller ikkje grav lagt saman med andre norske kongar, men hos munkane i fransiskanarklosteret der han gjekk i skule. Kong Magnus 6. er ein av dei mest fasinerande norske kongane. Han levde i eit spanande hundreår, der Norge utvikla seg i stor fart og fekk - som eit av få land i Europa - ei lovbok som vart nytta i heile landet. I dag er han difor kjent som Magnus Lagabøter. Magnus Lagabøter er likevel kanskje den av dei norske mellomalderkongane vi veit minst om. Med Kongen, lova og landet har Jørn Øyrehagen Sunde skrive eit formidabelt verk. Med stor kunnskap og suveren formidlingsevne skriv han fram ein mann og ei tid som er overraskande attkjenneleg og moderne, internasjonalt orientert og jordnær på same tid.
Les mer
«Eit storverk frå Bergens stordomstid. . Jørn Øyrehagen Sunde er ein historisk formidlar av Guds nåde. Boka om «kongen over alle kongar» er ein sann svir å lese.»

Produktdetaljer

ISBN
9788272017971
Publisert
2023-10-26
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
J.M. Stenersens Forlag
Vekt
800 gr
Høyde
247 mm
Bredde
177 mm
Dybde
26 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
283