Under den storslagne førtiårsfesten Cathrine har laga for mannen sin, blir ho brått klar over at det finst ein ubalanse i forholdet. Ho har vore så opptatt av å visa sin kjærleik for Tom Ove at ho ikkje har merka at han knapt løftar ein finger for hennar skuld. Og mens ho står på trappa utanfor festlokalet og frys, kjem det ein som ser henne. Det er som om lagnaden nærmast kastar henne i armane på denne svenske dyrlegen som seier rett ut: Jag vill stjäla dig från din man. Handlinga i Kirsebærsnø utspeler seg i vakre Hardanger, med blømande frukttre, ei kjær bestemor som ligg for døden og eit gammalt hus som skaper strid i familien. Cathrine er midt i sitt livs største drama: Vil ho orka å stå imot freistinga, når det er så enkelt å gi etter?
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252181609
Publisert
2012-09-07
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
350 gr
Høyde
212 mm
Bredde
135 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
201

Forfatter