Kåre Lerum har levd eit liv som førte til at han vart kåra til Riddar 1. klasse av den Kongeleg St. Olavs orden. Kva førde han dit? I denne boka deler han livssoga si med forfattar Henning Rivedal: Om då han fem år gamal, under Krigen, var mor si sin etterretningsagent på Samyrkelaget i Vik. Om læresetningane frå mor og far: Du skal vera ærleg. Du skal alltid støtta dei svake. Om kampen for å halda Lerum som familiebedrift med adresse Sogndal. Om tida som politikar og ordførar i Sogndal kommune. Om dei politiske kampane for store vegprosjekt. Om tapet av ein son og tapet av bror sin Bjarne. På den andre sida, gleda over musikken både som utøvar og administrator. Og ikkje minst: Om korleis han har kombinert det å vera forretningsmann med å driva humanitært hjelpearbeid.
Les mer
Mange som les denne boka vil bli overraska over å finna Kåre Lerum sine fingrar med i spelet om bedrifta du jobbar i, vegen du køyrer på eller bygda du bur i. [.] Ei historie du bør lesa om du er interessert i å forstå korleis ting vart som dei har vorte i Sogn.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788279592914
Publisert
2021-11-09
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
838 gr
Høyde
257 mm
Bredde
205 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
183

Forfatter