Ivar Nimme er grisebonde og ungkar. Han drog frå ein god jobb som altmoglegmann på Golsfjellet for å ta over garden, då faren forsvann i Kina. Kona hans reiste frå han, men i den vesle dalen på Vestlandet har han saman med 400 velfødde svin funne oppskrifta på framifrå grisehald. Ein dag står byråkrati og reglar i det vesle tunet på Nimme. Den sta bonden tek opp kampen for grisane og garden sin, men oppvigleriet får store konsekvensar. Det er mektige krefter, utan kjensler eller andlet, han kjemar mot. Med ryggen mot veggen og ei handfull tilfeldig samanraska kameratar, slåss Ivar for fyrste gong for det han trur på. Viss dei følgjer samfunnet sine spelereglar, er dei dømde til å mislukkast. Men kven bryr seg om slikt, når sjølve livet til ein grisebonde står på spel?
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788248910398
Publisert
2011-02-22
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kagge
Serie
Vekt
170 gr
Høyde
185 mm
Bredde
116 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
238
Orginaltittel
Ivar Nimme
Sjanger
Skjønnlitteratur
Forfatter