Med «Innsirkling 3» er eit storverk i norsk litteratur fullført. Marius skal gifte seg med Julie, men set alt på spel. Han sender eit brev til David, som har mista hukommelsen, der han avslører ei hending som har fått store konsekvensar for dei begge. Davids ekskjærast Susanne kjenner seg svikta av David, og tar eit oppgjer med han og si eiga fortid i brevs form. I denne boka møter vi også David sjølv, nokre sommardagar i 2006 og på kontoret til psykiateren han går til. I tre bøker har Carl Frode Tiller sirkla inn ein mann som ikkje veit kven han er, og dei som har skrive til han. Gjennom ei rekke røntgenblikk på det psykologiske spelet mellom menneske, på ulike tiår og miljø, har Tiller skapt eit usedvanleg rikt og komplekst eventyr om det moderne Norge. Den siste brikka gir ikkje berre svaret - den vil også snu opp ned på alt du trudde du visste om David.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788242158796
Publisert
2014-09-10
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Lydbokforlaget
Serie
Vekt
271 gr
Høyde
144 mm
Bredde
139 mm
Dybde
27 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
LydCD

Forfatter