Ein Vassfadl er berre tolv år når han bryt forbodet mot å røra den mytiske Heimsboka, søler parafin over skrifta, og viskar ut folket si forteljing gjennom tusenvis av år. Dagen etter er auren i Stølsvatnet daud. Åra går og Ein driv fjellgarden som folket hans har gjort før han. Han treff sitt livs store kjærleik, men ho forsvinn sporlaust. Garden går mot konkurs. Han får besøk av ein Bodmann. Han leitar etter levande aure i smeltevatnet frå breen Hvítrheimr, slik segna om Hafna, urmor til folket hans, seier han skal. I New York ligg Ein si søster for døden. Ho ber dottera si, Leah, om å reisa over Atlanteren for å gjera ein avtale som kan redda dei store verdiane som ligg i fallrettane og dei mineralrike heiane Ein eig. Ein og Leah møtest like under breen Hvítrheimr utan å vere klar over kven den andre er. Dette er ein underleg og fasinerande roman, som beveger seg mellom det mytiske og det realistiske på overraskande måtar. Myter, forbanningar, magi og overtru blir sett opp mot naturvitskap og jus. Det handlar om det uopprettelege; breen som smeltar, auren som døyr, språk og kultur som forsvinn, å ta val der utfallet kan bli uoppretteleg.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249528981
Publisert
2025
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Høyde
205 mm
Bredde
130 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter