Det kviler ei forbanning over slekta Baskerville. Ein kjempestor kolsvart hund har sidan den vonde Sir Hugos dagar heimsøkt familiens gods i Dartmoor, og no er Sir Charles Baskerville død under mystiske omstende. Sherlock Holmes blir tilkalla for å oppklare dei blodige og tragiske dødsfalla som truger med å utslette Baskervilleslekta, og på dei ville og tåkelagde heiene ved Devon får meisterdetektiven og den trufaste assistenten hans Watson verkeleg noko å bryne seg på. Kan dei hindre at den unge Sir Henry Baskerville blir hundens neste offer? Hunden frå Baskerville er mange gonger blitt kåra til verdas beste kriminalhistorie, og er den mest kjende av alle historiene om Sherlock Holmes. Klassikaren kom første gong ut i England i 1902, og kjem her i nynorsk omsetting av Ragnar Hovland.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788281870260
Publisert
2009-03-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Baskerville
Vekt
220 gr
Høyde
205 mm
Bredde
130 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
190

Oversetter