Dette er den fengslande historia om to kvinner, den briljante, boklærde Elena og den lidenskaplege, ubereknelege Lila. Begge slost ein gong for å komme seg vekk frå strøket der dei vaks opp - eit nabolag prega av vald og ufridom. Elena har gifta seg, flytta til Firenze, stifta familie og gitt ut fleire kritikarroste bøker. Men no har ho komme tilbake til Napoli for å vere saman med mannen ho alltid har elska. Lila, derimot, har aldri lykkast med å frigjere seg frå Napoli. Ho har blitt ein suksessrik bedriftseigar, men nærkontakten med den verda ho alltid har teke avstand frå, set ho på prøve. Men Lila er ustoppeleg, uregjerleg, uforgløymeleg! Med Napoli som bakteppe, ein by like forførande som han er farleg, i ei verd i dramatisk endring, er historia om eit livslangt vennskap fortald djupt ærleg og med ein briljans som saknar sidestykke. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal. «Ein av dei aller beste romanforfattarane i vår tid.» The New York Times Book Review «Elena Ferrante vil ta pusten frå deg.» Alice Sebold, forfattar av Alle mine kjære «Et moderne storverk ... Lesningen av romanene ender opp som en besettelse.» Aftenposten
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2016-10-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
572

Forfatter
Oversetter