Norsk litteratur oversvømmes av alvorstunge relasjonsromaner, der bare et fåtall hever seg til et høyt litterært nivå. Kolerud utfordrer trenden, han skriver underholdende og lite selvhøytidelig om minst like viktige sider av vår samtid. Det er en lise å lese.

- Anne Cathrine Straume, NRK

Humoren er avvæpnende, smart, det litterære Norge er til stede i rikelig monn. Dette er Ragnar Hovland møter Rune Belsvik møter Kjartan Fløgstad, og jammen er det ikke en liten dæsj Erlend Loe med på lasset også.

- Anne Cathrine Straume, NRK

Gamle menn i syningom er ein godmodig satire, ein skrøne, der ingen «går av med sigeren» til sist. [...] Kolerud skriv med overskot og glimt i auget og med forløysande friske bilde

- Ingvild Bræin, Dag og Tid

Vi er i ei nær framtid, og berre ein siste, liten, trassig landsby i nordvest klamrar seg til nynorsken. Ungdomen i Vassbygda tar likevel high five når dei møtest , og dei har ingenting i mot å chille med slush og fluffy cupcakes og flip-flops to go. Men brått vaiar eit dansk flagg over slottet i hovudstaden - og ein fornærma konge sjokkerer med å gi eit intervju på nynorsk. Bendik Uføre og Enella Frø må reise til hovudstaden for å sjå kva som skjer. Er dette den store sjansen deira til å gjere nynorsken in igjen? Samtidig får steinkunstnaren Ragnar Åheim eit nynorsk berg til å opne seg, og da skal vel også dører opne seg og hjarta opne seg og draumen opne seg, slik at nynorskingane kan glida inn på ein våg dei ikkje har visst um? Gamle menn i syningom er ein roman som går all in i den norske språkstriden. Arnfinn Kolerud (f. 1968) kjem frå Isfjorden i Romsdal. Han debuterte i 1996 og har seinare skrive bøker for både barn, unge og vaksne. Den som ikkje har gøymt seg no (2004) har blitt samanlikna med oppvekstskildringane til Tarjei Vesaas, og for boka fekk Kolerud mellom anna Kritikarprisen og Nynorsk barnelitteraturpris. Gamle menn i syningom er tredje og siste bok i trilogien om Vassbygda og fortel vidare om språkstriden frå Når ein først skal skyte nokon (2010) og Kom ikkje inn i mitt hus (2012).
Les mer
Norsk litteratur oversvømmes av alvorstunge relasjonsromaner, der bare et fåtall hever seg til et høyt litterært nivå. Kolerud utfordrer trenden, han skriver underholdende og lite selvhøytidelig om minst like viktige sider av vår samtid. Det er en lise å lese.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234004872
Publisert
2021-05-18
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
420 gr
Høyde
212 mm
Bredde
138 mm
Dybde
27 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
284
Sjanger
Skjønnlitteratur
Innkjøpsordning
Kulturfond

Forfatter