Ein einsam, plaga mann vandrar rundt i ein storby. Han nærmar seg folk, men glir frå dei, vekslar mellom å heite Bjørn, Fredrik og Atle, mellom å vere presteson og son til ein anleggsarbeidar. Medan mannen driv gatelangs, støyter han på Flaskesamlaren. Dei to får ein underleg kontakt. Frå grunngjevinga til Svenska Akademien for tildelinga av Nobelprisen i litteratur til Jon Fosse: «Nobelpriset i litteratur år 2023 tilldelas den norska författaren Jon Fosse, 'för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara'.» «Det finns en djup värme och naiv blottställdhet i hans avskalade bilder av mänsklig erfarenhet.» Anders Olsson, leiar i Nobelkomiteen i Svenska Akademien «Jon Fosse skriv rytmisk besvergande, løyndomsfulle romanar om kriseramma sinn og sentrale eksistensielle konfliktar.» Steinar Sivertsen, Rogalands Avis «Flaskesamlaren er, særleg formmessig, ein spanande roman. Jon Fosse leitar i språket, leitar etter ei form som kan gje det moderne mennesket anno 1991 ei litterær røyst.» Bjarne Tveiten, Fædrelandsvennen «Det blir ikkje mange som kjem til å lika denne boka, uttalte Jon Fosse då Flaskesamlaren skulle lanserast. Eg er ikkje så sikker på det.» Jan Askelund, Stavanger Aftenblad
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234013744
Publisert
2024-06-21
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter
Read by