Peder Bjørnson, far til Bjørnstjerne Bjørnson, var arving til storgarden Skje i Søndre Land, men livet hans skulle bli annleis enn tenkt. Han måtte gå frå garden da faren døde brått i 1818 og studerte i vaksen alder teologi i Christiania. Peder Bjørnson var sokneprest i tre ulike prestegjeld, Kvikne i Østerdalen, Nesset i Romsdal og i Søgne ved Kristiansand. Han hadde store ambisjonar om å forbetre den åndelege og kulturelle tilstanden i landet, men den stridbare presten hadde òg eit vanskeleg sinn, og kvar han enn var, kom han i klammeri både med soknebarn og andre embetsmenn. Striden toppa seg i den opprivande "kapteinstriden i Nesset", som endte med at sokneprest Bjørnson vart suspendert frå embetet i to år. Han vart frikjent og gjeninnsett, men striden hadde vore så øydeleggande at sokneprest Bjørnson måtte flyttast til eit anna prestegjeld. I denne boka sporar Edvard Hoem opp kvar striden rundt sokneprest Bjørnson begynte og følgjer det livsdramaet han hamna i. Det er eit portrett av ein mann som ville det rette og som nok hadde rett, mang ein gong, men som først seint i livet skjønte at den som vil oppnå det gode, også må finne vegen til andre menneske. I forteljinga om Peder Bjørnson stig eit fascinerande bilde av det førmoderne Norge fram, eit fattig utkantsamfunn i Europa som på kort tid skulle bli ein del av den moderne verda.
Les mer
Peder Bjørnson var far til Bjørnstjerne Bjørnson, men han var også den unge bondesonen som mista storgarden Skje og i staden vart prest. I denne boka har forfattaren spora opp kvar striden rundt sokneprest Bjørnson begynte, og følgjer det livsdrama han hamna i. I forteljinga om Peder Bjørnson stig eit bilde av det førmoderne Norge fram, eit fattig utkantsamfunn i Europa, som på kort tid skulle bli ein del av den moderne verda.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249506385
Publisert
2009-01-19
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Vekt
170 gr
Høyde
185 mm
Bredde
112 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
279

Forfatter