Intens krim om eit mørkt kapittel i norsk historie! Ein valdsdømd psykiatrisk pasient rømmer frå lukka avdeling. Dagen etter blir to søstrer funne avretta, på ei avsidesliggjande glenne i marka. Saka viser seg å ha trådar tilbake til eit uløyst drap på ein rusmisbrukar på 1980-talet, men også til dunkle hendingar på Svanviken arbeidskoloni. Dit blei taterfamiliar tvangssende på 1960-talet for å lære seg «den norske, bufaste kultur». Nok ein gong blir psykolog og kampsportutøvar Ina Grieg motvillig trekt inn i ei drapssak. Ho slår seg saman med tidlegare etterforskar Jon Fannrem i jakta på sanninga. Den stille flokken tek opp ein av dei mørkaste plettane i norsk historie: behandlinga av romanifolket gjennom 1900-talet. Gjennom tett, suggererande historieforteljing har bøkene om Ina Grieg blikket retta mot kva som ligg bak kriminelle handlingar: Kvifor blir enkelte forbrytarar - og andre ikkje? Kva kan få eit menneske til å gå over eigne moralske grenser? Når er eit motiv sterkt nok til at det rettferdiggjer hemn?
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252193671
Publisert
2017-02-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Samlagsantikvariatet; Samlaget
Serie
Vekt
510 gr
Høyde
212 mm
Bredde
142 mm
Dybde
32 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
365
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter