I den tredje boka i Napoli-kvartetten, har dei to jentene frå «Mi briljante venninne» og «Historia om det nye namnet» blitt kvinner. Elena giftar seg med ein akademikar og er ulykkeleg familiemor i Firenze, medan Lila kjempar for å overleve som lågtlønna fabrikkarbeidar, og tar del i 70-åras kamp for betre arbeidsvilkår og meir demokrati. Begge kvinnene har frå dei var barn forsøkt å unnsleppe livet i bydelen der dei vaks opp, eit liv i fattigdom og ufridom. No drøymer Elena likevel om det livet Lila har. «Dei som flyktar og dei som blir» er ein roman om to kvinners liv i Italia på 70-talet, tiåret prega av arbeidarkamp, klassereise og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre.
Les mer
Pseudonym

Produktdetaljer

ISBN
9788242171993
Publisert
2016-03-16
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Lydbokforlaget
Vekt
276 gr
Høyde
136 mm
Bredde
141 mm
Dybde
27 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
LydCD

Forfatter
Oversetter
Read by