På slutten av 1800-talet begynte dei engelske fjellsportpionerane, med William Slingsby i spissen, å utforske den norske bre- og fjellheimen. Til berarar og førarar engasjerte dei lokale personar som blei lært opp i å handtere utfordringane som breen og dei spisse fjelltoppane bydde på. Dei fleste av desse var bønder som var oppvakse i dalane nedanfor breen. Lars Jansen Batalden var ein som skilde seg ut i så måte. Lars vaks opp på ei øy lengst ute i havet. Han etablerte seg først som fiskar og blei seinare notbas. Om lag 25 år gamal flytta han til Olden, der han fekk sitt første møte med bre- og fjellheimen. Han blei ein av dei mest populære førarane dei engelske pionerane og andre turistar. Dette skuldast både ferdigheitene hans og personlegdomen hans. Lars flytta til Eidsvoll på byrjinga av 1900-talet og budde i alderdomen på eit lite pensjonat der. Fjellet Larsnibba på Jostedalsbreen er oppkalla etter han, og står igjen som eit vitnesbyrd om kjærleiken til fjella og breen. Batalde-Lars er historia om Lars Jansen Batalden - «den bedste Fører paa Jostedalsbræen.» (Sekretær i DNT Yngvar Nielsen 1893).
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788230026359
Publisert
2023-11-13
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kolofon
Vekt
190 gr
Høyde
215 mm
Bredde
130 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
137

Forfatter