I eit sterk og ekspressivt språk skriv T. Hellesen fram eit mørkt og gåtefullt univers. Prosjektet er avansert og ambisiøst, prega av eit høgt refleksjonsnivå, og i sjeldan stor grad verd å lese. Ein jazzspelande naturfaglærar frå Sverige opplever ei krise. Han forlet sjukepleiarkjærasten sin, kjøper ei gammal likvogn og reiser til ei vestnorsk bygd. Her får han, på falskt grunnlag, jobb som kyrkjeverje då den gamle nett er død. Han møter Lise, sekretær på kyrkjekontoret, som han innleiar eit forhold til. T. Hellesen brakdebuterte i fjor med diktsamlinga Noko av deg lever andre stader, som fekk svært gode kritikkar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252169171
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
225 gr
Høyde
213 mm
Bredde
137 mm
Dybde
13 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
106
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter